Platene i gjødselporten min er heilt oppmorkna og må skiftast ut. I den forbindelse vurderer eg å bygge om til fastmontert pumpe i porten for omrøring og lessing av gjødselvogn. Til no har det gått slange frå porten til ei traktordriven pumpe med lesserør. Blanding av gjødsel blir gjort med propellmiksar.
Det vil nok koste ein del, men kor mykje? Kan sikkert få nokre tusen ved å selje det gamle utstyret, men neppe noko stor del av den totale kostnaden med nyinvestering...
Elles reknar eg med porten er frå Reime, men sikker er eg ikkje. Dei har vel ferdige sett med nye plater?
Kva pluss og minus er det med fast pumpe og blir det fullgod opprøring av gjødsla med det?